Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fant gaupekranie på Neådalstur

Fant gaupekranie på Neådalstur

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2010

For ei veke sidan var veterangruppa frå Tingvoll I.L på tur til Neådalen. Da Tingvoll Gard hadde sauer i Neådalen var dei innhyra til sauleiting gjennom fleire år. Inntekta frå bruka dei for å finansiere tur til Holmenkollstafetten. No var dei attende for å jubilere og mimre på helgatur til Neådalen, der dei denne gongen kosa seg med fiske og kortare turar i området.

På turen ned igjen, som gikk om Knubbane og Naustådalen, fann Einar Oterholm eit kranie som han tok med til Ulf Lucasen på Miljøavdelinga på fylket. Det viste seg å være kraniet av ei ung gaupe, og at det nok var frå siste vinter. Vi har fått e-post med bilete av kraniet og turfolket, og Einar Oterholm skriv:

«Gaupekraniet fann eg lengst framme i Naustådalen litt utanfor stien på veg nedover lia mot Nauståfossen. Den meir nøyaktige kartreferansen er UTM32N  6962119.0  495298.0 .

Fotografiet frå Neådalshytta viser deltakarane som hadde mimretur til området dei var med på saueleiting for Tingvoll gard for nesten 30 år sidan. Vi kunne ikkje forstå at stien opp lia frå Kårvatn til Neådalen var så lang, bratt og kronglete dei forrige gongane vi gjekk der. Sjølv med skodde og småregn på oppoverturen på laurdag kom vi alle fram til hytta i god stil, bada, sette garn og hygga oss utover kvelden. 

Frukosten på søndag kan ein trygt seie var solid og tung: Nyfiska stor fjellaure surra i seterrømme. Etter kvart skein det opp og gjorde tilhøva for turar i området nær perfekte.»

Publisert: 21. august 2010, 11:04