Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familiedag med aktivitetar som passa både for små og store, ungar og vaksne!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. august 2018

Todalen idrettslag inviterte laurdag 18. august til familiedag oppe på Tjønnmyran, eit svært så positivt tiltak! Her vart det opplegg med allsidige aktivitetar som passa for alle aldersgrupper.

Her kunne ein i ro og fred bygge tårn av gråstein der det var om å gjere å bruke flest mogleg steinar – etter kvart dukka det opp kreative løysingar. Først eit solid tårn og så ei røys med småstein på toppen. Da vart det plutseleg plass til kjøle mange steinar!

Hallvard og Ingebrigt bygger tårn. Foto: Dordi J H

Klar til start på 800-meteren. Foto: Dordi J H

Gunnar deler ut premiar. Foto: Dordi J H

Dei som hadde litt fart i beina, stilte til start på 800 meter terrengløp – ungar og vaksne i lag. Stor innsats og god fart, alle kom i mål og fekk premie.

Her er det om å gjera å ikkje miste balansen og ramle ned. Foto: Dordi J H

I hinderløypa var det parkonkurranse mellom ein unge og ein vaksen – her fekk ein prikkar for kvar gong ein måtte ned på bakken. Her trongst det både styrke og balanse, smidigheit og litt lure knep. På somme plassar var det kjekt å vera stor og lang, medan på andre punkt var det greitt å vera liten.

Kor mange non-stop er det i glaset? Foto: Dordi J H

I lysløypetraseen var det «natursti» – her kunne ein gå i grupper og samarbeide om å løyse oppgåver. Det var mellom anna matematisk gåte, kasting av frisbee, ringspel og tipping av kor mange nonstop det var i eit glas. Her var det mange som ønska å vinne, for premien var glaset med innhald! Jorunn tippa svært godt og bomma med berre eit par nonstop, så ho kan kose seg i kveld!

I kiosken var det sal av gode bakels og prima graut, pølse med brød, saft og kaffe.

Stødige karar i sekretariatet, Nils Ove og Ola. Foto: Dordi J H

Arrangørar var Ski- og fridrettsgruppa og Trimgruppa, dei hadde vore kreative og laga eit svært så allsidig, kjekt og artig opplegg! Og Tjønnmyrane er eit riktig fint anlegg både til sommar- og vinter-bruk.

Her er det fleire bilete, og Dordi J H er fotograf.

Publisert: 18. august 2018, 19:33