Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Familiedag  i  Svinvika

Familiedag i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2010

Laurdag 28. august (kl 12.00-16.00) arrangerer Todalen Historielag og Stangvik Historielag familiedag i Svinvika, hos Gunn Tove og Sven Olav Svinvik. Dei kan by på eit variert program denne dagen, og sjølvsagt vert det høve til å ta både store og små lamaer i nærare øyesyn. Jon Bojer Godal vil orientere om byggeskikkar og bruk av tre i hus og båtar. Godal har allsidig erfaring om dette, mellom anna frå tida han var tilsett på Maihaugen.

Elles vil det bli framsyning av gamle hus på garden – slik som naust, sag, smie, kornløe, stabbur, kvernhus og ikkje minst stormotoren «Øveråsen» frå 1900-talet. Vidare vert det høve til å kjøpe seg pølse m/brød, saft, kaffe og kaker.

Todalen Historielag og Stangvik Historielag ønskjer alle velkomne til triveleg familiedag

Først publisert: 24. august 2010, 19:15 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:43