Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familie dag med «trollsuppe» og mykje anna

Jon Olav Ørsal Måndag 18. september 2017

Laurdag trefte vi Gøran Bolme frå iTrollheimen utafor gammelfabrikken i Brusetmarka. Han var i gang med å koke kaffe på svartkjel rett utafor Gammelfabrikken. Han fortalta at han venta eit trettital store og små rindalingar som skulle kome til Todalen på familiedag med mange opplevingar utover dagen.

Rindal Sparebank arrangerte familiedag for tilsette med familiar deltok og med iTrollheimen som arrangør og turoperatør. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var dei tilsette ved Rindal Sparebank som var ute på tur, og altså med iTrollheimen som turoperatør og arrangør. På gammelfabrikken skulle dei være med Elmer Talgø på omvisning, i tillegg til litt oppdatering med Talgø-historie og ikkje minst servering av Trollsuppe til heile gjengen. Gøran fortalte at han hadde eit godt samarbeid med Britt Grete Moen i «Den gode maten» som denne dagen var innleid «trollkjerring» som altså serverte «trollsuppa» som var basert på potet og purreløk som viktigaste råstoff.

Elmer Talgø fortalte om den 120 år lange historia til Talgø – her er heile gjengen benka rund bordet i møtekroken. Foto: Jon Olav Ørsal

Seinare på dagen skulle heile gjengen vidare til opplevingar på Kårvatn, der det skulle være samling med forskjellige aktivitetar på Sommarfjøsvollen og etterpå innom Stabburet for å sjå på Trollheimsutstillinga før servering av middag og heimtur til  Rindal igjen i løpet av kvelden…..

Britt Grete Moen var innleid «trollkjerring» denne dagen, og da stod det sjølvsagt trollsuppe på menyen. Den var basert på loka råvarer frå Austistua Øye – potet og purreløk, fortalte Britt Grete. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 18. september 2017, 09:58