Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Få fram sola til Sanitetshuset…

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2020

Fredag kveld var det aksjon skogrydding ved Sanitetshuset. No når finvêret kjem må sola ha fri tilgang mot Sanitetshuset, og der stengte to store furuer veien. Dermed vart det arrangert dugnad for å få dei vekk, og bebuarane i Sanitetshuset stillte med heiagjen og kaffeservering, medan skogsvante Kvennsetgardingar og Halsetgrendingar  stilte med maskinelt utstyr for skogrydding.

Kaffelag – frå venstre Eilert Kjølstad, Jenny Kvendset og Willy Heimlund. Foto:JGØ

Dugnaden gikk fort unna, så det vart god tid til å feire med kaffelag i finvêret utover kvelden. Både pinseaften og 1. pinsedag er det meldt sol frå skyfri himmel og temperaturar godt opp på tjuetalet så da gjelder det å væra budd på sola litt utpå dagen.

Bilder frå skgryddeaksjonen ved sanitetshuset – alle foto Jorunn Gislaug Ørsal

Først publisert: 30. mai 2020, 04:00 - Sist oppdatert: 29. mai 2020, 22:52