Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
HUGS: Evaluering av legevaktordninga – Bli med på spørjeundersøking

HUGS: Evaluering av legevaktordninga – Bli med på spørjeundersøking

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. november 2012

Surnadal kommune inngjekk avtale om legevaktsamarbeid i Orkdalsregionen (LIO) frå 01.01.2011. Det vart gjennomført ei spørjeundersøking etter knapt eit års drift, men svarprosenten den gongen var så låg at kommunestyret i Surnadal vedtok at det skulle gjennomførast ei ny spørjeundersøking i 2012. Den er no i gang, og det er viktig at du tek del i denne undersøkjinga. Det kan kan du gjera ved å fylle ut  elektronisk spørjeskjema her, eller du kan få svarskjema på sørviskontoret på  kommunehuset, på helsestasjonen, NAV og legesenteret. Svarfristen er 15. november!

Spørreskjemaet gjeld både for deg som har nytta deg av legevakta i Orkdal og for deg som ønskjer å gi ein uttale på kva du meiner om ordninga. Føremålet med undersøkinga er å få vite meir om erfaringane dine med legevakta på kveld, natt og helg. Dersom du ikkje har nytta legevakta, ønskjer vi likevel å høyre di meining om ordninga. Kanskje har du hatt erfaringar med legevakta som pårørande eller på anna vis som du ønskjer å formidle.

Publisert: 10. november 2012, 12:00