Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Ettermiddagskaffe med Nils Røv

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. januar 2018

Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!

Nils Røv er biolog, friluftsmann, ein god forteljar og spelemann. Han har gjennom eit langt liv opplevd mangt og mykje, først i lokalmiljøet i Surnadal, seinare på ekspedisjonar til både nære og fjerne strøk. Søndag blir det kåseri: «Laust og fast frå bygdelivet i Surnadal». Han vil også spele lokale slåttar og melodiar på munnspelet samstundes som han fortel om musikken. Seinhaustes 2017 var Nils på ein spennande ekspedisjon til Patagonia heilt sør i Sør-Amerika. Søndag vil han fortelje frå denne turen og vise flotte bilete.

Det blir kaffepause med  graut og bakels og tid til triveleg prat. I kaffepausen blir det utlodding.

Alle er velkomne til ein triveleg ettermiddag i Todalen ungdomshus søndag!

Publisert: 20. januar 2018, 19:21