Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Etterlyst i Bjøråskaret..

Jon Olav Ørsal Fredag 17. oktober 2014

Det er Eystein Opdøl som etterlyser sau og 2 lam som i sommar har beita i området ved Bjøråskaret. Sauen og det eine lammet er svart, medan det andre lammet er kvitt. Dyra har vore sett i området den seinare tida, og Eystein fortel at han har vore oppe og leita etter dei 5 gong – seinast onsdag da han starta frå Innerdalsmerket og gjekk over Bjøråskaret, utan å sjå snurten av dyra.

Sauene kan være kvar som helst i dette området. Arkivfoto: Jon Bruset

Sauene kan være kvar som helst i dette området rundt Bjøråskaret. Arkivfoto: Jon Bruset

Sauene har mellom anna vore sett på Skjerdingfjellslåa og innover mot Grinarbotn, men han seier at dei eigentleg kan være kvar som helst i dette området, også i Snekkardalen. Sjølv har han leita i heile området, utan å finne noko spor etter dyra.

Er du på tur i området, så ber Opdøl om at du tek deg litt tid til å sjå etter dyra. Vinteren kryp innpå no, og det tek til å haste med å få dei ned. Dersom nokon varslar om dyra eller tek dei med seg over Bjøråskaret tilbyr Opdøl eit lammelår for jobben. Han ber om at du gir beskjed dersom du observerer dei sakna sauene – ring snarast til telefonnummeret er 913 23 199 – Eystein Opdøl.

Elles fortel Opdøl at han har dramatisk store tap i år – rundt 90 lam er borte etter at sankinga no på det næraste kan seiast å være avslutta. Sjølvsagt er det jerven som er hovudmistenkt, men det er også observert gaupe med ungar i Virumdalen.

 

Publisert: 17. oktober 2014, 08:40