Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Etterlyser  kalvar  i  Romådalen

Etterlyser kalvar i Romådalen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. september 2010

I Romådalen etterlyses 7 kalvar som er sporlaust borte frå beiteområdet. Olav Halle som eig dei 7 kalvane fortel at dei 7 kalvane ikkje har vore sett sia 7. august, da dei gikk på Husbystølen. Det er både raude og svarte kalvar som er borte, og Olav Halle no sin lit til at nokon har sett dei.  Kalvane har det meste av sommaren gått som eigen flokk i Romådalen, men fryktar no at dei har gjort ein avstikkar.

Innover Romådalen sluttar alle krøtterfar i området ved Rogna, men det har vore leita heilt innover til Fagerlidalen.
Olav Halle ber om at folk som ferdes i området ser etter kalvane og rapporterer eventuelle observasjoner til han på telefon 913 81 461.

Publisert: 5. september 2010, 23:07