Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag: Etiopiaprosjentet til NKS – ope møte i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014
Måndag 22. spetember inviterer Todalen sanitetsforening til ope møte om NKS sitt prosjekt for å hjelpe til å etablere sanitetsforeniger i Etiopia. I samband med dette vil ledar i Møre og Romsdal sanitetsforening Ellinor Bolme og sjukepleiar Thea Brevik orientere om prosjektet og helse, omsorg og kvinnerolla i Etiopia i dag. Dette fell saman med sanitetsveka der temaet i år er vald.
Norske Kvinners Sanitetsforening har i fleire år arbeidd med å opprette sanitetsforeningar i Etiopia. Der ligg dei hundre år attende med omsyn til helse, sanitære tilhøve og kvinnas plass i familien og i samfunnet…
På årsmøtet til Møre og Romsdal sanitetsforening i vår, fekk vi høyre eit kåseri med lysbilete som ein sjukepleiar heldt frå eit studieopphald i Etiopia i 2013.Dette var så interessant, at vi gjerne vil at fleire skal få høve til å oppleve dette!
Så derfor inviterer Todalen sanitetsforening til ope møte i  Todalen ungdomshus måndag 22.september kl.19.
(Er du ukjent i bygda køyrer du hovudvegen ca. to km etter Talgøfabrikken. Ved skuleskiltet: følg vegen til høgre med 30km-sone til trebru. Sving til venstre tett ved stabburet og opp bakken. til ungdomshuset som er eit stort, raudbrunt hus.)
PROGRAM:
  • Etiopiaprosjektet til NKS. V/ leiar i Møre og Romsdal sanitetsforening: Elinor Bolme.
  • Helse – omsorg – kvinnerolla – o.a. i Etiopia i dag. V/ sjukepleiar Thea Brevik
Dette er starten på Sanitetsveka, så fylkesleiaren vil gi ei kort orientering om temaet for veka: Vald.
Etterpå blir det enkel servering og utlodding.
Vi i Todalen sanitetsforening ønskjer kvinner ( og menn) i alle aldrar VELKOMNE til ein triveleg kveld!
Publisert: 21. september 2014, 07:00