Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Estlandsinnsamling

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. april 2018

Sanitetsforeninga i Todalen arrangerer også denne våren innsamling av klede til folk i alle aldrar i Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll frå Rindal. Dagen for innsamling er onsdag 18. april frå klokka 16:00 til 19:00.

Sanitetsforeninga tek imot reine og heile klede og skor i god stand i området frå Åsbøen til Kårvatn, begrensa kapasitet gjer at det no berre er mottak frå Nordvik og Todalen.  Kleda må pakkast godt i sterke plastsekkar, og frakt pr. sekk er 50 kroner. Klede, spesielt ytterklede og skor, er mangelvare for mange i Estland så dette er det viktig å støtte opp om. Kleda blir sende vidare straks innsamlinga er slutt.

Innsamlinga skjer i Sanitetshuset, og det blir servering av kaffe med litt attåt. Det blir også høve til å kjøpe maiblomster.

Vel møtt!

 

 

Publisert: 13. april 2018, 10:00