Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er aktiv bursdagsfeiring noko for deg?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2019

Skal du feire «jebbursdag» snart, så er det ein god ide å lage ei aktiv feiring – enten på Tjønnmyran med base i gapahuken, eller på Bordholmen med base i klubbhuset eller klatreveggen.  Det er berre å ta kontakt og avtale tidspunkt når det er ledig for utlån.

På Tjønnmyran er det ein stor gaphuk, der det er langbord og god plass – og ein klatrepark tett attmed. Her går det an å lage trivelege friluftsarrangement.  Innlagt straum og vaffeljarn er også fasilitetar som er med og gjer det triveleg å feire her, seier leiar i TILs ski- og friidrettsgruppe Gunnar Nordvik.  For medlemar i TIL er det gratis å leie seg inn – ta kontakt med Gunnar på tlf. 992 50 450 for nærare avtale.

Da Nicole feira 10-årsdag var det selskap i gapahuken og aktivitetar i klatreparken. Foto: JN

Full aktivitet i klatreparken på Tjønnmyran. Arkivfoto: Line K.

På Bordholmen er det også gode mulegheiter. Her der det mellom anna ein flott klatrevegg i reiskapshuset som kan brukast, men hugs at det må sikring til. Elles er det populære tråbilar som kan lånast ut og i klubbhuset er det og fasilitetar. Her er også utlånet gratis for medlemar, men du må avtale utlån og nærare avtale med Knut Bergli på telefon 905 91 555. 

Publisert: 6. september 2019, 08:47