Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Enno  ikkje  for  seint  for  rododendronblomstringa!

Enno ikkje for seint for rododendronblomstringa!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Vi minner om at det fortsatt er muleg å få med seg rododendronblomstringa i Svinviks arboret !  Unn deg deg ein kopp kaffe og ein pustepause i den frodige hagen. Arboretet er ope onsdag – søndag frå 12.00 til 17.00.  Siste nytt er at det no er opna eit lite butikkhjørne i kafeèn, med fine småredskap og hanskar til hagearbeid, villsaugarn frå Hjellnes, nydelege sjal frå Oppistufrua og andre fine småvarer. Verdt eit besøk!

Arboretet  har vorte forhandlar av Garden Girls kvalitetsvarer, smått og stort i hagerelaterte artiklar. Her finn du varer du ikkje får kjøpt andre stader på Nordmøre, fortel Maja Frønes i Svinviks arboret. Du kan også sjå facebooksida til arboretet for meir informasjon. Den finn du på: www.facebook.com/svinviksarboret

Publisert: 22. juni 2013, 10:27