Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Engasjement om det meste, som vanleg

Elinor Bolme Sundag 5. oktober 2014

Ordførar Lilly Gunn Nyheim og Egil Nedal hadde i ettermiddag rigga seg til i kaffekroken på Matkroken for å ta i mot innspel til sitt nye partiprogram for 2015. I følge Driva.no skulle Arebeiderpartiet til løvens hule og friste skjebnen. Dette vart tvert avkrefta, for dei begge to fullroste todalingane som trivelege og ikkje minst konstruktive med sine innspel. Oppmøtet var ikkje overveldande bra, men knallfint vêr og mange jegarar utanbygds kan nok ha vore utslagsgivande. -Men her blir alle mann sittande i alle fall, smiler Lilly Gunn. I Surnadal i går var folk berre så snarast innom oss. Les om det på Driva.no.

Mange tema vart diskutert, men ingen store lovnader gjevne, ei heller ingen skular vart nedlagt i dag. Både sjukehus, breiband, aldersheim, vegstandard, tunnel, tomtemuligheiter og ikkje minst kommunens vassverk i Bjøråa vart behørig diskutert.

image

Som forventa er det engasjement i Todalen, men ingen av dei frammøtte vedkjente seg banneret. Så dei var kanskje ikkje innom når dei hadde sjansen til å komme med konstruktive forslag til Arbeiderpartiets partiprogram?

Publisert: 5. oktober 2014, 22:15