Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Energinettverk for straumsparing

Energinettverk for straumsparing

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Energinettverket Svorka hadde si første storsamling i Kammerset (kinosalen) på kulturhuset onsdag, der temaet var framtidige løyingar for belysning og forbrenningsteknikk.  Energinettverket er eit samarbeidsprosjekt mellom åtte bedrifter på «indre», der dei tre Talgøbedriftene MøreTre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk er med. Formålet med dette samarbeidsprosjektet er å spare straum, og dei har sett seg shøge mål: Dei skal tilsaman spare 5 mill kWh pr år gjennom meir fornuftig bruk av energi.

Prosjektet har vore i gang eit års tid, men skal gå over ein 3-årsperiode der dei ansatte i disse bedriftene skal bli meir bevisst på bruken av energi. Temadagen var den første av i alt 3 i prosjektperioden. Her var det sett fokus på fyring og forbrenningsteknikk, isolasjon i bygg og VVS, samt belysning og bruk av ny teknologi i lyskilder og lysstyring. Her er det skjedd mykje dei siste åra, som gjer at ein kan spare mykje på å skifte ut gammelt utstyr og på å velge rett utstyr når ein moderniserer.

Eit titals leverandører av utstyr og tjenester hadde laga utstilling av nytt og moderne utstyr, og stod til tjeneste med brosjyremateriell og informasjon om den nye teknologien som finnes på marknaden. Det stod også besøk av olje- og energiministeren på programmet denne dagen. Men skiftet av olje- og energiminister for eit par veker sidan sette ein stoppar for dette, så den programposten gikk desverre ut.

Energinettverk Svorka er det første i sitt slag i heile landet etter denne modellen, og det er støtta både med pengar og kompetanse frå Enova. Samarbeidspartnarar i prosjektet er Svorka Energi, Enøksentret, Enova og Møre og Romsdal fylkeskommune. Bedriftene som deltek i prosjektet er Børset Bakeri, Rindalslist, Rindalshytter, PipeLife, Trollheim Vekst, forutan Talgøbedriftene MøreTre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk.

Først publisert: 18. mars 2011, 00:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2011, 23:39