Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg vêromslag…

Endeleg vêromslag…

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2011

Endeleg kika sola fram og det vart ein strålande dag, med sol frå blå himmel og litt varme i lufta. Har inntrykk av at alle er lut lei vinteren no. Den har vart i over 5 månader sidan første snøen kom, og det er på tida at vi får litt føling med våren etter kvart. Værmeldingane på yr.no seier at det blir opphald eit par dagar til, før det igjen kjem ein nedbørsperiode som går frå førstkomande laurdag og fram mot neste helg med temperaturar mellom 8-10 grader på dagtid. Men da kjem nedbøren som regn.  Her finn du langtidsvarsel frå yr.no

Publisert: 30. mars 2011, 22:13