Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det kronhjort…

Jon Olav Ørsal Sundag 26. oktober 2014

Ola Talgø skein som ei sol – for endeleg vart det kronhjort på han!  Det var under jaging i Huslia ovafor Talgø Gard at Ola fikk inn fulltreffaren på 12-spiringen. Ola var ein av jagarane og i ei lita opning hadde han nokre få sekund på seg til å få inn skudd på det prektige dyret. Den sjangsen nytta han til fulle, og felte kronhjorten med det flotte geviret.

Ola har viltkamera i området ved huslia og fanga inn eit blinkskot av kronhjorten for ei vekes tid sia.   Foto: Ola T.

Ola har viltkamera i området ved Huslia og fanga inn eit blinkskot av kronhjorten som forsyner seg frå ein saltstein for eit par veker sia. Foto: Ola T.

Ola har felt mange både hjortar og elgar tidlegare, men kronhjorten har han venta på – helt til i dag. Det var fine tilhøve for jakt først på søndagen, men etter kvart vard det skikkeleg regnvære og jaktlaget vart skikkeleg blaute før dei fikk transportert kronhjorten ned for slakting.

DSC_8337

Her er Albert Maassen, Torbjørn Larsn og Knut Halset i gang med slakting av spissbukken som vart felt tidlegare på dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Våte vart også gjengen som var på jakt på sørsida før dei kom seg ned. Dei fekk fulltreffar på spissbukk ved Svarthamran i Ørsallia. Spissbukken vart frakta ned til Øya for slakting og henging til mørning.

Jaktsjef Ragnar får grunnleggjande opplæring i trådlaus overføring av bilder med Astrid L. Kvendset.  Foto: Jon Olav Ørsal

Jaktsjef Ragnar får grunnleggjande opplæring i trådlaus overføring av bilder med Astrid L. Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_8326

Finn Talgø var imponert over geviret på kronhjorten til barnebarnet Ola. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. oktober 2014, 15:25