Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vi klapper i hendene, så gla er vi ..... Foto: Jon Olav Ørsal

Endeleg vart det julegrantenning

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2013

Eit døgn forsinka vart det endeleg julegrantenning ved Matkroken L. Hals. Søndag måtte arrangementet avlysast på grunn av regn og blåst, men måndag kveld var det fine forhold og det var mykje folk samla. Det er PT-utvalget som har til oppgåve å sørge for juletre og tilhørande julgrantenning, og det har ikkje vore noko enkel oppgåve i år. Stormen hadde knekt juletreet, som etterpå hadde reist med vinden innover Lunde-ekra.

Arrangøren serverte varm gløgg utafor butikken, og det sette publikum stor pris på.  Vidare var det song og gong rundt juletreet medan vi venta på at nissane skule koma. Hørte iallfall at både barnehageborna og dei minste skuleborna hadde lært seg julsongane skikkeleg.

Omsider kom nissane også. Det var nokon som sa at var Romådalsnissen som kom over til Kvennsetdalen og fått med seg nissen derifrå også. Dei var i allfall to, og dei hadde med seg pakkar til alle borna. Og det var stas!

I bildegalleriet er det bilder både av store og små publikum og ikkje minst av nissane.   Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. desember 2013, 21:53