Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg trening igjen!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. mai 2020

Torsdag var det endeleg klart for trening igjen for J/G 8-10 på Bordholmen. Som følge av Korona og seinare veret, har det ikkje vore treningar for denne aldersgruppa sidan starten av mars, då treningane føregjekk inne i gymsalen på skulen. Det var ein ivrig gjeng som møtte opp.

Alle smittevernreglar vart følgde med handvask før og etter trening og med bruk av ballar med namn. Det er no lempa litt på restriksjonane slik at det er lov med pasningar, men ein må framleis halde ein meters avstand til kvarandre. Så å spele kamp er framleis ikkje aktuelt. Men dei frammøtte var uansett glade for å kome i gang med trening igjen.

Spelarane frå Todalen er ein del av samarbeidet med I.L. Søya og skal spele i J/G 9/10 serien. Men seriespelet startar tidlegast i veke 34, så blir uansett ein spesiell sesong. Men det viktigaste er positive opplevingar i ei spesiell tid og det lukkast vi med!

Publisert: 23. mai 2020, 13:08