Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg: – Første natta i nytt hus for Steffi og Carsten..

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. juni 2016

Etter tretten måneder byggetid er det nye huset klart for innflytting. Fredag kveld vart senga flytta frå den midlertidige boligen i Teigen og til det nye huset i Smålandsgrenda – Stuå i daglegtale.  – Og det nye huset kan Steffi og Carsten være stolte av, for dei har gjort det aller meste av innreiingsarbeidet sjølv. Det står nok att ein del detaljer enno, men det er godt å flytte inn og få tingane våre på plass etterkvart.

Seng Inn_0977

Her kjem Knut og Carsten med senga på det siste flyttelasset frå Teigen. Foto: Jon Olav Ørsal

Fredag ettermiddag var det innspurt på flyttesjauen. Kompisen Knut Halset var med og flytta senga frå Teigen til nyhuset og den store våpenskåpen på eit par hundre kilo kom inn og på plass, og det markerte den «offisielle» flyttedagen.  Det vart markert med kaffelag, der Steffi serverte nylaga rabarbrakake som også vår utsendte fikk ta del i.

Steffi og Carsten kjem frå byen Hameln i Tyskland. Den norske delen av eventyret starta i 2002, da dei for første gong var på ferietur i Noreg. Dei vart fasinerte av Noreg – naturen og folket, og etter kvart vart det fleire ferieturar og det var spesielt til Møre og Romsdal. Etter kvart forma tanken seg om å flytte til Noreg. I 2012 vart det første skrittet teke – på ferietur i Surnadal tok dei kontakt med kommunen for å undersøke litt meir om mulegheiter for jobb. Dermed begynte snøballen å rulle og i 2013 var dei i Todalen. Steffi var på jobbintervju i Amfi Drift og fikk tilslag på jobb der. Da reiste dei heim til Tyskland for å pakke og klargjere for flytting.

Steffi_kakeservering_0981

Steffi server nylaga rabarbrakake til Knut og Carsten. Resten av feiringa må vente til seinare. Foto: Jon Olav Ørsal

Da småbruket Stuå vart til sals vart det fortgang på planene om å skaffe seg sitt eige hus i Todalen. Dei slo til og kjøpte eigedomen som ligg like ved kyrkja i Smålandsgrenda. Plana var o restaurer det gamle huset, men husbukken hadde herja i huset, så plana vart endra og det vart nybygg i staden. Carsten som hadde tenkt å gjera det meste av jobben sjølv starta på rivinga av det gamle huset for å klargjere tomta til nytt hus.

Stuå_juni_0951

Slik ser nyhuset ut frå vegen – bygd av element frå MøreTre. Foto: Jon Olav Ørsal.

Det nye huset er bygget av element frå MøreTre. I april 2015 starta byggearbeidet og sia har det gått slag i slag. Carsten har hatt sitt daglege virke i nyhuset heile det siste året, og har jobba med innreiing og ferdiggjering av huset på heiltid. – Carsten blir ivrig når han fortel om prosessen og arbeidet. Det er mellom anna bruka 250 pakkar med isolasjon i det nye huset. Og taket er i historie for seg sjølv. Steintaket frå det gamle huset er bruka oppatt, og det var litt av ein jobb å få ned alle taksteinar for å reingjere dem. Han supplerte med kjøpte takstein og så var det monteringsjobben på nyhuset. Her var det Lars Kvendset som var krumtappen, seier Carsten, og innrømmer at det vart mykje meir arbeid enn han trudde – både tungt arbeid og ubekvem arbeidsstilling. Men taket kom på plass til slutt!

Peismur_mosaikk_0985

Peismuren er Carstens stolthet. Den er laga som mosaikk av knuste takstein – litt av eit pusslespel, men jammen vart et fint! Foto: Jon Olav Ørsal

Steffi fortel at dei to reiste til Kristiansund for å ordne opp i registrering av flytting og arbeidsløyve. Dei dro om morgonen 31. juli 2013 og brukte dagen i Kristiansund. Da dei kom attende til Todalen fikk dei seg ei stor overrasking. Vegen var stengt, fordi det hadde gått eit stort ras. Og resten av den historia kjenner vi godt.  Men dei fikk båtskyss innover til Todalen og kom seg heim. Todalen var da fullstendig isolert eit par dagar, men sakte men sikkert kom «livet» igang att.

Fredag kveld dreiv Steffi på kjøkenet. Alt kjøkenutsyr so på kjøkenbenken og i kassar på golvet. No skulle alle ting og tang på plass i skuffer og skap, og Carsten starta på jobben med å montere saman senga, som han forøvrig har snekre sjølv for mange år sia. Det vart nok ikkje tidleg kveld i Stua denne kvelden, men det vart iallfall første natta i nytt, fint hus.

Vi gratulerer og ønskjer lykke til!

Nedafor har vi laga eit bildegalleri, der vi har dokumentert nokre av «høgdepunkta» i byggeprosessen.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 18. juni 2016, 10:28 - Sist oppdatert: 12. januar 2017, 08:43