Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg er det vår!

Endeleg er det vår!

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2013

Endeleg er det vår – og opning av Hageland, sa ordførar Mons Otnes, da han kløpte snora. Dette har vi venta på så lenge, og folk har hatt store forventningar til at Hageland skulle opne dørene og sleppe inn publikum. Tidlegare har folk dratt til Kristiansund, Fannrem eller Trondheim for å kjøpe mykje av disse varene, så Hageland blir nok godt motteke i Surnadal.

Ordførar Otnes retta ein stor takk til Terje Talgø for satsinga som er gjort, og var imponert over resultatet. Talgø retta i sin tale ein takk til Surnadal kommune for velvilje og god hjelp i byggeprosessen, og han berømma også dei ansatte som i ein lang periode har stått på for å for å få alt på plass til opninga. Entreprenørane har også gjort ein stor innsats under knappe tidsfristar. Dei har mellom anna møtt på mange utfordringar som den kalde vinteren har ført med seg.

Opningsdagen vart i alle fall ein skikkeleg festdag både for dei ansatte og for publikum. Og publikum lika det dei fekk sjå, for det var mykje lovord å høyre, og det var mange fulle handlevogner som passerte kassa den første dagen.  Etter kvart som det vårast vil det nok kome meir uteblomster, planter og busker som blir plassert i den kalde delen av bygget og på uteområdet i kring. Da vil nok Hageland Surnadal stå fram som eit fullverdig hagesenter med fullt sortiment. Hageland er ope kvardagar frå 9-18, laurdagar 10-16 og søndagar 12-17.   No ventar vi berre på sommarvarmen, og den kjem nok!

Her kan du lese kva Driva og Tidens Krav skriv om nyopninga på sine nettsider.

Nedafor finn du bildeglimt frå opningsdagen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 18. april 2013, 23:44 - Sist oppdatert: 19. april 2013, 10:30