Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg badesesong

Endeleg badesesong

Elinor Bolme Torsdag 7. juli 2011

Etter ein litt treig start, var denne gjengen no enige om at badesesongen endeleg er starta. Dei påsto det var god temperatur på vatnet, men gåsehuda avslørte dei. Då todalen.no trefte dei hadde dei tilhald ved den gamle industrikaia attmed settefisk anlegget. Dei lika seg her, for her var det så artigt å hoppe kunne dei fortelje, og synte lettbedte fram både framlengse og baklengse saltoar.

Kevin Anders Brusethaug lettar frå kaia.

Frikk Hauglann Talgø (øverst)  og Fabian Østigård Ness i synkronstuping, baklengs sådann.

Ein annan kar som også har fått med seg at badesesongen er i anmarsj, er havnesjefen i Todalen Småbåthamn; Per Reiten. Han påpeiker at det faktisk er forbode å bade inne i båthamna. – Eg har ved fleire anledningar i dag vore å gjort både fastbuande og ferierande badegjestar oppmerksame på dette, utan at det ser ut til at dei tek det innover seg, seier han på telefon til todalen.no no i kveld. Eg skjønar det er atigt å ta springfart på flytebryggja, men eigarane av båtane som ligg her tykkjer ikkje noko om det, og det lyt respekterast, avsluttar han.

Ola Bolme i farta.

 Kristian Hauglann Talgø er heller ikkje særleg skvetten.

Publisert: 7. juli 2011, 19:00