Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elgjakt i Terråk

Ola Bolme, ny jegerspire. Sundag 12. oktober 2014

Etter gjennomførte jegerprøven i vår, var eg så heldig å bli med den faste talgøgjengen sammen med pappa til Terråk i Bindalen. Dei hadde vore i dette området i ca 10-12 år no, med Ragnar Halle som jaktsjef , med full kontroll. Etter seks timer med kjøring frå Todalen, kom vi fram til Terråk. Vi bodde på Terråk Rorbu, som ligger ca to minutter frå Terråk  sentrum. Fredag kveld så var vi fulltallige med 17 stk og fire hundar.  Etter vi hadde innlosjert oss i hyttene kjørte vi til sentrum for å handle mat for vekas opphald.

Lørdag: Her starta vi dagen ca 07:30 med egg og bacon til frukost, det hadde Kjell Furnes laga. Det var Kjell som laga all maten som var servert på hytta vår. Den var så god at til og med dei som ikkje budde på hytta vår kom til oss for å spiste. Denne dagen skulle eg sitte på post med Ragnar Halle, andre jaget satt eg på post med Terje Talgø.  Desverre vart det ikkje noko dyr den dagen, men vi såg vi 8 elgar, to okser, 4 kyr og to kalvar til saman.

Søndag: Dette vart ein betre dag. Da hadde pappa (Ivar B) fulgt ein elg okse i ca 4-5 km, som til slutt enda på posten til Ola Talgø. Og han skaut den med eit velretta halsskudd. Elgen var ein 1 1/2 åring og vog ca 95 kg. Dei dro elgen ned til midt i lia, deretter så tok dei den med elgtrekk ( medbrakt frå Todalen). Etterpå så var eg med å jaga med pappa. Vi såg også to elgar til den dagen.

Måndag: Midt i første jaget vart det observert elg ved dei øverste postane. Hundeførarane bytta då plass, slik at pappa og Gizmo fekk ta spora etter den. Etter mykje opp og ned att og fram, måtte firespirinen gi tapt for dei.

Dei siste dagane hadde vi heller ikkje det store hellet med oss. Fint vêr med høge temperaturar og litt for kraftig vind gjorde at det ikkje vart fleire elgar på oss. Takk for turen, og ikkje minst for opplæringa Ragnar!

Under er eit bildegalleri frå desse dagane. Foto Ola Bolme og litt Ivar Bolme.

Publisert: 12. oktober 2014, 14:42