Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elgfall i Kvennsetdalen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Laurdag vart ein historisk dag på Kvennset. Da fall den første elgen på legmålet, og det var Kvennset jaktlag som felte ei elgku og kalv i Dumpa,  vest for Arnslåhammaren. Elgane vart skotne i 10-tida, og dei kom på postrekka før jagarane hadde starta jaginga.

Elgane vart frakta ned for slakting. Det vart ein arbeidssam dag i det ulendte terrenget.  Foto: Lars Sæther

Elgane vart frakta ned for slakting. Det vart ein arbeidssam dag i det ulendte terrenget. Foto: Lars Sæther

Det var Gudmund K. Kvendset som var den heldig jegaren, og dyra kom mesta før han var komen på plass. Dumpa ligg omtrent rett ovafor inntaksdammen til Rossåkraft, omtrent på snaufjellet. Det er ulent terreng i dette området, og det vart ei skikkeleg arbeidsøkt for å få ned dyra slik at det kunne slaktast, og klokka var 17 før vi kom heim frå denne historiske jaktdagen, fortel Gudmund.

Slaktvekt på elgkua var på 190 kg, medan kalven var liten og vekta stoppa på knappe 50 kg.

Publisert: 21. september 2014, 19:53