Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldrerådsmøte  og  «kjøtt  og  påsse»

Eldrerådsmøte og «kjøtt og påsse»

Martinus Torvik Fredag 20. september 2013

Det kommunale Eldrerådet hadde, som skikken har vorte, sitt septembermøte i Sanitetshuset i Todalen sist onsdag. I tillegg til det tradisjonelle sakskartet hadde Rådet besøk av kommunalsjef Inge Skogheim.Han orienterte om kor saka om bygging av eldrebustader i Todalen står. Tomtespørsmålet er ikkje endeleg avklart. Saka er under arbeide og vil kanskje løysast i løpet av inneværande år.

Etter møteslutt deltok Rådet i Eldremiddagen saman med dei faste gjestane. Her slutta varaordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen seg til selskapet. Eldremiddagen nytta høve til å takka og rosa kommuneleiinga for den merksemda dei syner arrangementet vårt. Også i år let Lilly Gunn etter seg ein «pen» pengesum og ein blomsteroppsats som blir ståande i Sanitetshuset. Kommuneleiinga fekk også ros for at dei så raskt tok tak i problema som oppstod etter raset den 31. juli. Den kommunale handlinga bidrog sterkt til å få bygdasamfunnet over i provisorisk aktivitet etter relativt kort tid.

Den velsmakande og omtykte maten var «kjøtt å påsse» samt riskrem og kaffe og kokkar var Brit og Jorunn. Ellers vil Eldremiddagen halda fram som før utover hausten med von om godt besøk både av bygdafolk og utombygdsbuande. Vel møtt til god og tradisjonell mat.

Først publisert: 20. september 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 19. september 2013, 20:12