Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldreråd  og  eldremiddag  på  onsdag

Eldreråd og eldremiddag på onsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. september 2013

Førstkomande onsdag (18. september) vil det kommunale Eldrerådet avvikla møtet sitt i Sanitetshuset. Møtet tek til klokka 11.15.  Etter møtet, frå klokka 13.00, vil Eldrerådet eta «Kjøtt og påsse» saman med deltakarane på Eldremiddagen. Ordføraren Mons Otnes og kommunalsjef Inge Skogheim er blant gjestane.

Kanskje nokon som les dette også har lyst til å koma. I så fall; vel møtt, men meld frå til Brit på telefon 71 66 35 98. Vel møtt!

Først publisert: 12. september 2013, 21:19 - Sist oppdatert: 20. september 2013, 18:07