Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eldremiddagen tek ferie – startar på igjen i september

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. juni 2014

Eldremiddagen i Todalen avslutta vårsesongen med middag i Sanitetshuset sist fredag. Kokkane, Karen Johanne og Grete, serverte velsmakande lammelår og grønsaker, med karamellpudding til dessert. Tilsaman var det 29 gjestar til bord denne dagen.

Brit og Jorunn sluttar no som faste kokkar for eldremiddagen, og vart derfor gjort stas på. Brit, som var til stades, fekk heiderleg omtale, blomster og gratis middag, etter nær åtte års teneste på kjøkkenet. Tilsaman har ho vore kokk ved 155 eldremiddagar i løpet av desse åtte åra.

Etter middagen reiste heile gjengen til Svinviks arboret, der det vart servert kaffe og ei god kake ute på plassen framfor kafeteriaen. No tek altså Eldremiddagen en velfortjent pause til 3. september, og i mellomtida vil leiinga arbeidet med å sikre seg 2 nye kokkar som kan ta over etter Brit og Jorunn som takka av i dag. 

Bildeglimt frå kafferasten i Svinviks arboret i finvêret.   Alle foto: Randi og Vidar Sogge.

Først publisert: 7. juni 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 6. juni 2014, 21:45