Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddagen  startar  på  igjen

Eldremiddagen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. august 2010

Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv sekretær for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no

Han berettar vidare at Eldremiddagen har ytt eit bidrag til hjartestartaren som Todalen Sanitetsforening har kjøpt. Etter middagen onsdag 8. september kjem Arnt Ivar Brøndbo til Sanitetshuset (ca kl 15) og syner fram/demonstrerer utstyret han har i ambulansekjøretøyet, m. a. hjartestartaren.

Styret i Eldremiddagen er no samansett slik: Ledar er Anne Moe, medan Martinus Torvik er sekretær/kasserar og Brit Nordvik er styremedlem.

Først publisert: 22. august 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 30. oktober 2010, 15:22