Eldremiddagen medlem i Todalen.no
Sekretær i “Eldremiddagen” Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer Ã¥ bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta pÃ¥ igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpÃ¥.
Utanom det tradisjonelle programmet var det besøk av feiaren, Jon Nordvik. Han informerte om brannvern i heimen og demonstrerte aktuelt verneutstyr, noko som vekte stor interesse. Onsdag 8. september kjem ambulansepersonell (Arnt Ivar Brøndbo og ein kollega) med køyrety og utstyr for å syna fram kva hjelp ein kan få frå det haldet om trongen skulle oppstå. Da skal til dømes hjartestartar og anna førstehjelpsutstyr demonstrerast i bruk.
Torvik seier til slutt;”Vi har god plass til nye gjestar. Gratis Ã¥ koma inn, men du mÃ¥ betala litt for god traktering. Dagen er onsdag, staden er Sanitetshuset og klokkeslettet er 13.00.”





































