Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddagen  i  Sanitetshuset

Eldremiddagen i Sanitetshuset

Elinor Bolme Torsdag 5. november 2009

Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia. Da todalen.no  var invitert nedover for å gjera denne artikelen, var dei også der, men då som gjester. For opp i gjennom åra har det vore litt utskiftningar på den fronten og.

No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar. Kona hans Grete er med som kokk, ilag med Brit Nordvik og Jorunn Ness.

Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.

-Dette er ei sosial hending i kvardagen til mange av dei eldre, kan Martinus Torvik fortelja, men her har vi kapasitet til fleire, så det er berre å komme. -Vi kosar oss med kaffe og noko godt attåt til slutt, samstundes som vi har litt allsong innimellom. Og at det er eit populært tilbud er det ingen tvil om; bilar kom både frå Surnadal og Nordvik for å kjøpa seg middag.

Godt var det og!!

 

Først publisert: 5. november 2009, 20:13 - Sist oppdatert: 30. oktober 2010, 15:22