Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddag på tysdag – så blir det ferie

Eldremiddag på tysdag – så blir det ferie

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mai 2011

Vi har fått e-postmelding frå Martinus Torvik i Eldremiddagen. Han skriv:  Eldremiddagen i veka som kjem vert flytta til tysdag, altså til den 31. mai. Vi et først svinesteik i Sanitetshuset for deretter å forflytta oss til Elvestad der kaffen skal nytast. Denne samankomsten blir den siste før sommarferien, så vel møtt til eit triveleg lag.

Den 7. september startar vi på nytt. Da med sildball i Sanitetshuset. Det kommunale Eldrerådet har bede om å få møta oss og eta saman med oss den dagen. Dei ynskjer og å få sjå ei av leiligheitene. Det vil Sanitetsforeninga sin leiar også vera med på.

Publisert: 27. mai 2011, 21:46