Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddag og brannvern

Eldremiddag og brannvern

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. november 2012

Eldremiddagen samlast kvar onsdag i Sanitetshuset til middag. I går hadde dei samling, der det stod omnsstekt laks og fruktsuppe på menyen, og sjølvsagt kaffe og kaker etterpå. Det serveres god og heimlaga mat, og dette tiltaket sett deltakarane stor pris på. For det er ikkje berre mat, det er sosialt også. Enkelte gong er det også anna program på arrangementa. Slik som forrige onsdag, da feiarane Jon Arne Nordvik og Hans Kristian Haarstad troppa opp for å informere om «Brannvern for eldre».

Etter at heile gjengen hadde spist middag tok feiarane over føringa og viste fram eit program som både tek sikte på å forebyggje og hindre brann, i tilleg til litt om korsleis du skal varsle og sløkkje brann og mange andre gode tips.  Nyttig lærdom, og mange god tips som deltakarane tok med seg heimatt:

  • Hindre at brann oppstår
  • Rask og nøyaktig varsling
  • Ha velfungerende røykvarsleranlegg
  • Ha tjenlige slokkemidler
  • Fremforalt; berge seg selv
  • Brannårsaker (bar ild-feil på elanlegg)
  • Hvor oppstår brann (kjøkken-stue-soverom)
  • Plan for evakuering (bruk av stige, men fremfor alt, flytt ned fra loftet)
  • Litt om skumapparater og pulverapparater)

  Men det var også litt plass til feiring. «Eldregeneralen» Martinus Torvik fylte nemleg 80 år tidlegare i november, og det måtte sjølvsagt markerast. Karen Johanne Talgø overrekte blomar fra kokkelaget og deltakarane på Eldremiddagen, som ei påskjønning for iherdig innsats for Eldremiddagen gjennom mange år.

Publisert: 22. november 2012, 22:11