Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddag med sildball

Eldremiddag med sildball

Ole Petter Talgø Torsdag 19. mai 2011

Onsdag var sildball som stod på menyen då eldremiddagen varta opp med middag i Sanitetshuset. Anledninga var at ordføraren var invitert, men han måtte dessverre melde avbud på grunn av sjukdom. Alikevel var det fullsatt bord då middagen starta. Martinus Torvik ønska velkommen, og fortalte at han ville invitera ordføraren på eit seinare tidspunkt i løpet av sommaren, om det passa inn i timeplanen. Eldremiddagen fortsett fram til 1. juni, når dei tek sommarferie.

Martinus Torvik ønska velkommen til bords.

Etter velkomsten var det tid for bordvers før maten kom på bordet. Saman med sildballen blei det servert kålrabi, gulrot, potet og flesk. I tillegg blei det servert dessert med riskrem og raud saus, saman med kaffen. Etter at desserten var servert, ble selskapet flytta over i salongen, kor samværet fortsatte med kaffe, prat og sang. Ein triveleg middag for alle, med mykje velfortjent skryt til kokkane.

God sildball med godt tilbehør var populært. Kaffelag og song etter middagen.
Publisert: 19. mai 2011, 11:07