Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddag med jubileum

Eldremiddag med jubileum

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. januar 2011

Onsdag hadde Eldremiddagen si første samling i det nye året. Da stod det spekesild, stua kål, potet og raudbetar og «Trondhjemssuppe» på menyen for dei 12 som deltok på middagen. I tillegg vart det køyrd ut middag heim til 3 til. Det var Bodil Kvendset og Jorunn Ness som var ansvarlege på kjøkkenet og som stod for serveringa, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar.

På dagens samling varr det også markering av eit 90-årsjubileum. Gunvor Kvendset hadde nemleg fylt 90 sidan siste møte. Gunvor har leilegheit i Sanitetshuset, og har vore ein av dei mest stabile deltakarane på Eldremiddagen i ei årrekkje og dette måtte sjølvsagt feirast, seier Martinus Torvik. 

Eldremiddagen held fram kvar onsdag framover mot påske, og menyen vekslar mellom kjøtt- og fiskerettar annakvar veke. Det er no godt over 20 år sidan Jon Lunde tok initiativet til å arrangere Eldremiddag i Sanitetshuset, og sjølv om det ikkje var så stor deltaking på onsdagens samling er denne samlinga populær som aldri før. Det er triveleg, og ikkje minst sosialt å samlast til middag på denne måten, seier Martinus Torvik til Todalen.no.

Publisert: 13. januar 2011, 06:00