Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddag  med  ambulansebesøk

Eldremiddag med ambulansebesøk

Ole Petter Talgø Onsdag 8. september 2010

Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.

Arnt Ivar Brøndbo viser fram ambulansen. Foto: Ole Petter Talgø

Det blei vist fram både hjartestartar frå ambulansen, og den som høyrer heime i Todalen. Den er enkel i bruk, og ein får god veiledning både frå hjartestartaren sjølv og frå AMK-sentralen. Hjartestartaren er konstruert slik at den ikke er mogleg å bruka om alt er som det skal med pasienten.

Hjartestartaren som er tilgjengeleg i Todalen. Foto: Ole Petter Talgø
Demonstrasjon av hjarte-lunge-redning.

Det blei og gjennomgått rutiner ved akutt sjukdom, som nødnummeret 113, hjarte-lunge-redning og stabilt sideleie. Det å settja i gang rask hjarte-lunge-redning, er utruleg viktig for å redda liv, noko Brøndbo poengterte under kaffen etter orienteringa. Derfor sett han stor pris på at dei får reise rundt i grendene og gi grunnleggjande veiledning.

Omvisning i ambulansen. Foto: Ole Petter Talgø

Når ein ringjer inn til AMK-sentralen, er det nyttig å ha god stadsinformasjon, og gardsnummer og bruksnummer er derfor lurt å ha på ein lett tilgjengeleg plass. Ambulansen blei åpna for omvisning, med ein rask gjennomgang av alt utstyret som er tilgjengeleg i ein moderne sjukebil.

Etter orienteringa var det tid for kaffe og kaker.
Først publisert: 8. september 2010, 16:26 - Sist oppdatert: 30. oktober 2010, 15:26