Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstra med kino før påske

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2018

Sia kulturhuset er stengt i påska, vil Surnadal kino vise tre filmar både måndag og tysdag.   Den veldig populære barnebokserien «Detektivbyrå nr. 2» inntar kinolerretet frå fredag av med «Operasjon Mørkemann». Filmen vil, i første omgang, gå kvar dag fram til og med tysdag.

«Pacific Rim: Uprising»

«Pacific Rim: Uprising» er den andre filmen med fredagspremiere. Det er ein oppfølgar og målgruppa er nok dei som har mest sans for effektar, monstre, robotar og den slags styr. Filmen fekk fire på terningen hos NRK og dei let seg særleg imponere over spelet til John Boyega («Star Wars»). «Pacific Rim: Uprising» (3D-versjonen) vil også bli vist alle dagar til og med tysdag.

Forutan desse to, vil «Tomb Raider» bli vist frå søndag til og med tysdag.

Tomb raider

Publisert: 22. mars 2018, 20:01