Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekko/Aureosen J12 – Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. september 2020

Dagens andre kamp for Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 vart spela på Ekkobanen kl. 16. Laget spela første kamp på Vestnes Hovedbane kl. 12. Reportasje frå den kampen kan du lese her: Vestnes/Varfjell J12 – Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12

Med ein kamp allereie i føtene var trenar Torill Bye spent på om jentene hadde nok krefter til ein ny kamp berre tre timar etter førre kamp? I starten av kampen såg det faktisk ut til at jentene ikkje var prega av dette, men utover i andre omgang vart det tydelegare og tydelegare at to kampar på ein dag tek på. Bortelaget spela seg fram til fleire gode målsjansar, men greidde ikkje å få ballen i mål. Her var nok heimelaget meir effektive og omsette fleire av sine sjansar i mål. Så då vart det heimesiger i denne kampen òg. Men jentene har all grunn til å vere nøgd med dagen. Dei har spela bra fotball mot to gode fotballag.

På onsdag (den 16.9.) er det duka for endå ein bortekamp, då mot Eide/Omegn FK på Eide Kunstgress. 

No er jentene og støtteapparat på tur heim, så då attstår det berre å ønskje God Tur heim! 

Takk til Gunnar Nordvik og Solveig Kvande for bilete og informasjon frå kampen. 

Nedanfor finn du nokre bilete frå dagens Romsdal

Publisert: 13. september 2020, 17:15