Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit yrande liv i marknadsgata

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2016

Norsk Laksefestival er godt i gang og lardag ettermiddag var det eit yrande liv i marknadsgata på Skei. Og det såg ut til at folk var i handlehumør, for dei aller fleste bar på ein eller fleire bæreposar og det var trøkk på dei fleste salsbuene på Skei-plassen, der det meste av aktioviteten var samla. Eit av høgdepunkta var nok premieutdelinga for fiskekonkurransen, for aldri har vi vel sett eit slik «panel» med heile til laksefiskarar med kvar sin laks.

Laksekongen Morten Hansen med sjekken på 30.000, gavepremie og diplom, blir interjua av Allan Troelsen frå Surnadal Sparebank. Foto: Jon Olav Ørsal

Fiskekonkurransen vart nemleg stoppa etter 3,5 time, etter at 10 laksar var komne på land. Det lengste strået – eller kanskje heller den største laksen – var det Morten Hansen som trakk.  Ein laks på 9,62 kg sikra den gjeve tittelen som årets laksekonge. Dermed fekk han «lede-trøya» og ein sjekk på 30.000 kron averrekt frå Alan Trelsen i Surnadal Sparebank som i år er hovudsponsor som alle år. Men minst like gal var nok Ola Magnar Husby Tellesbø (8), som vann juniorklassen. begge desse blir nok å finne med fiskartrøa på neste laksefestival også.

I kveld går programmet vidare med konsert og dans på torgplassen på Skei – da entrar nemleg CC Cowboys og Charlie Rackstead and The Sticlesbergen Ramlers scena og held det gåande utover kvelden. Søndag er det ny marknadsgate frå kl 11 og utover men hovudaktiviteten er nok det store andeløpet og trekning av billotteriet til Surnadal idrettslag. Men søndagens program startar bokstaveleg talt med smell – det er familiedag med smell på Angråmyra skytebane frå kl 10 til 13.30.

Bildegalleri frå dagens marknadsgate på Skei – litt av kvart som vart frambydd der.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. juni 2016, 20:16