Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eit  retteleg  vorspiel!

Eit retteleg vorspiel!

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2012

Vorspiel, opplevelse, høg kvalitet, stor spennvidde. Dette var orda styreleder Lars Inge Kvande i Stangvikfestivalen -12 åpna konserten med i  Todalen Ungdomshus i kveld. Den  3. konserten i rekkja som er lagt til Todalen. Så langt.  Og jaggu fekk han ikkje rett etter kvart som artistar i høgste klasse entra scena i det velfylte Ungdomshuset ein etter ein. Nokon åleine, andre i fantastisk samspel med ein eller fleire. Trur nok eg med sikkerheit kan forestille meg at i allefall ein tredjedel av tilhøyrarane som var der ikkje var klar over at det faktisk gjekk an å få mange ulike tonar ut av ein cello, eller ein klarinett for den del. Her talar vi både høgt og lågt, lett og dystert, på ein gong.

Styret i Stangvikfestivalen har også i år samla ein heil skare av norgeseliten innan kammermusikk. Med spørsmål om det er problem med å få såpass kjente musikarar til denne festivalen år etter år, kan Lar Inge Kvande fortelje at det er det ikkje! Dette er ein ettertrakta festival å få delta på, og Trygve Brøske fungerer fint som «innkastar» med sin bekjenntskapskrets, skyt han inn.

Ingeborg Loe Bjørnstad var den som var på forhånd hadde fått mest plass i programmet av festivalmusikarane framfor denne konserten. Ho framførte sjølvskrevne viser, sunge på reint surndalsk. Eit høgdepunkt i konserten, utan tvil. Som eit av versa i «Regn ette regn»: Somti e aillt færjeves, å nåkkå e d ikkje mæning ti. Kjærlehæta vinn ikkje over aillt!

Etter henne vart det litt meir uro i salen. Då entra skodespelar Mira Dyrnes Aaskelund scena og skulle tolke eit stykkje langt som berre det, slik bokstavmessig, av Matthew Shlomowitz: «Letter Piece nr 3: Australia, Bolton, Clinton, Dachshund and Echinacea». Og dei fleste i salen måtte etterkvart utover i stykket dra på smilebandet. Kan desverre ikkje beskrivast, du skulle ha vore der… Så vorspiel er den rette benevninga på kveldens konsert. Det byrja litt alvorleg og skikkeleg, og tok seg rimele fort opp for å bli slik passeleg livått til slutt.

Tilslutt avslutta heil musikerensamblet med Todalssongen. Sjekk videoen her: Todalssongen_Stangvikfestivalen-12.

 HER finn du heile programmet for Stangvikfestivalen-12.

Under er eit rikt galleri frå kveldens konsert. Her skal alle dei ulike innslaga vere nemt. Alle foto: ElinorB

Først publisert: 26. juli 2012, 23:47 - Sist oppdatert: 27. juli 2012, 00:10