Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefiske i Toåa: Eit minne for livet for Andreas!

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Første turen til Todalen og laksestart i Toåa blir nok eit minne for livet for Andreas Lindbek frå Halden. Han har tilhald på Todalshytta, saman med faren Roar og hans kamerat Frank Haugrim. Ved øvre Teindammen stod Andreas og frista laksen med flue og eihands fluestong, da den første laksen hogg seg fast i flua. Laksen var ikkje så stor, men det var den første laksen i Todalen for Andreas  – og gleda var stor!

Ei ilmelding til faren for å få hjelp til klepping sette også oss på sporet, og det var veldig artig å kunne være med på laksen kamp for å sleppe fri frå snøret. Laksen vart imidlertid fort utarma og med god hjelp frå faren Roar kom laksen omsider på land.  Kampen og landinga av laksen vart behørig dokumentert og nedafor finn du bildeserien av laksefiskaren og hans hjelparar.

Andreas var full av lovord om Toåa og muligheita for laksefiske her, og mente det var fint tilrettelagt for fiskarane og bedyra at det vart fleire turar til Todalen etter kvart. Og det går da heller ikkje an å stikke under ein stol at det er fine forhold no, med akkurat passe vassføring for å få godt fiske.  Vassføringa ved Storfossen i føremiddag viser rundt 12 m3/sek etter ein topp på rundt 14 m3/sek i natt.

Bildeserie frå Andreas Lindbecks landing av laksen ved Øvre Teindammen i Toåa.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 16. juni 2016, 12:11