Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein sti blir til

Elinor Bolme Onsdag 1. mai 2019

I går kveld var det invitert til dugnad i Gunnøya for rydding av deler av trasséen der Toåa Tursti skal gå. Dagens sti går langsmed elva stort sett heile vegen i Gunnøya, og er dels utsett når elva blir på det største. Derfor vil den nye oppgraderte stien bli trekt litt lengre inn i terrenget slik at det blir lettare å ferdast med rullator og barnevogn etter kvart. 

Og når ca 35 personar med stort og smått møtes til nesten to timar effektiv jobbing blir resultata deretter. Start 4H stilte mannsterke for å plukke søppel i eit område som frå gamalt av har vore bruka som avfallsplass. Etter endt økt hadde dei klart å fylle opp ein middels stor traktorhengar med alskens skrot.

Ikkje småtteri denne gjengen frå Start 4H plukka opp frå skogbotnen. Til venstre bak: Justyna Krajewska, Dordi Finnborud og Markus Bolme. Fram: Aleksandra Krajewska, Lisa Ranes og Ådne Gjeldnes. Til høgre for hengaren bak til venstre: Anders Todalshaug, Line Kvendset og Anders Gjeldnes. Fram venstre Maria Kvendset Bergli og Selma Gjeldnes. Sivert Sogge, Ingebrigt Kvendset Bergli, Jakob Ranes og Lisabeth Storslett ikkje på plass da fotografen streifa forbi.

 

Mange i aksjon for å rydde skogen også. 5-6 mann med motorsag og 7-8 for å ta unna kvist fekk jobben unna.

Under er fleire bilder frå kveldsøkta. Foto: ElinorB og Line Kvendset

Først publisert: 1. mai 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 30. april 2019, 22:39