Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein smak av Hollywood i Brusetmarka

Ein smak av Hollywood i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mars 2013

Gammelfabrikken i Brusetmarka har denne veka vore filmstudio for ein dag. Det er filmklassen ved Nordmøre Folkehøgskule som no jobbar for fullt med sitt filmprosjekt, som har bruka 3-4 lokasjoner på Gammelfabrikken til nokre av opptaka til kortfilmen dei jobbar med. Dei har den siste tida gjort filmopptak fleire plassar rundt i området, mellom anna i Stangvik, i Rindal, på Surnadalsøra og på folkehøgskulen. Desse opptaka skal etterpå klippast saman til ein kortfilm, som dei håpar skal bli ferdig ein gong i mai og som da vil få verdspremiere i Surnadal kulturhus.

Denne veka har hatt god hjelp av den tidlegare Oscar-nominerte filmregissøren Hallvard Witzøe. Han starta faktisk sin filmkarriere i Surnadal, som praktikant på Nordmøre Folkehøgskule i sesongen 2006/2007 og jobba saman med Tor helge Aas som var lærar der da og. No er han altså attende på skulen for å fortelje elevane på filmlinja om erfaringane sine, og om vegen fram til i dag. På denne vegen opplevde han nemleg å bli Oscar-nominert for sin kortfilm ”Tuba Atlantic”. Men han har også gjort mykje anna på desse åra, og har mellom anna vore prosjektleiar og regissør på Filmbussen. No jobbar han mest med frilansoppdrag, kunne han fortelje.

Witzøe var imponert over dei energiske og flinke elevflokken, og syntes dei samarbeidde og jobba godt med filmprosjektet.  Slike prosjekt krev god planlegging, og sett store krav til evnene til å samarbeide. Han var mektig imponert over Gammelfabrikken og lokala der. Heile huset er som skapt for filmproduksjon, og her går det godt an å arbeide på fleire lokasjon samstundes.

Under filmopptaka får elevane prøve seg som regissør og filmfotografar, og det er utruleg krevjande arbeid. Det skal ei nitidig planlegging til for å få til gode opptak, samtidig som det skal jobbast effektivt. Witsøe sa at det å jobbe med film er ikkje så eksotisk som det ser ut for. Det er mykje hardt arbeid som skal til for å lukkast i denne bransjen. Men det er interessant arbeid og det er eit stort behov for folk som kan faget og som vil få sjansen til å jobbe med film i framtida.

Det er Raymond Grøvdal Hansen, saman med Tor Helge Aas som er lærarar for filmklassen. Dei var glad for den drahjelpa dei fekk frå Hallvard Witzøe dei dagane han har vore med. Han har massevis med gode tips, og auste av si erfaring til elevane. Han var dyktig til å gi ros, men kunne også være streng når det var naudsynt.

Dei fortel elles at det er eit utruleg fint miljø på filmlinja på skulen. Men det er nok ikkje berre filmarbeid for elevane på filmlinja heller, for dei deltek på både i undervisning og aktivitetar, samt det sosiale livet som er felles for alle elevane ved skulen. Og elevar er det ingen problem med å få til skulen, for neste års filmlinje er alt no i ferd med å fylles opp.

Bildeglimt frå filmproduksjonen som foregikk på Gammelfabrikken.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. mars 2013, 09:00