Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein rett og to vrang i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2014

Laurdag starta Todalen sanitetsforening ny sesong med «Strikkekàfe» etter ein lang sommarferie. På denne fine haustdagen vart det ikkje noko rekordoppmøte, men den «harde kjerne» møtte opp og såg ut til å ha det triveleg i lag, og vår utsendte kom akkurat til kaffeserveringa og vart dermed traktert med prima eplekake til kaffen.

Denne hausten strikkar- og heklar dei til Afrika-prosjektet, der NKS hjelper til med å starte opp lokale sanitetsforeningar og no heklar dei forskjellig utstyr til dette arbeidet. NKS har eit stort engasjement i Etopia og dette kan du lese meir om på NKS sin nettside.

 

Publisert: 14. september 2014, 11:02