Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein  makalaus  månad…

Ein makalaus månad…

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2013

August har vore makalaus på alle vis. Det store raset uti Stranda gjorde att august månad var heilt annleis enn kva folk hadde planlagt. Men folk vart ikkje rådlause av den grunn, og vi har gjennom ein heil månad vore vitne til både stor kreativitet for å finne løysingar og stor innsats frå alle kantar for å gjennomføre tiltak og sette ting i system. Det har vore stor fokus på raset og aktivitetane i etterkant, både i riksdekkjande,  lokale og ikkje minst sosiale media. Det høyrer nok tida til.

Onsdag 31. juli hadde vi problem på grunn av straumløysa.  Men vi kom da på lufta på provisorisk vis utpå føremiddagen, og fikk etter kvart lagt ut nyheitssak om raset. Til tross for problema, vart det sett ein grundig besøksrekord med nærare 3.400 treff på nettsida på rasdagen.  August månad vart sjølvsagt den største besøksmånaden sidan starten i 2009. I løpet av månaden var mesta 55.000 lesarar innom nettsida vår, – ein eller aller helst fleire gonger for dei fleste. Antal unike besøkjande på nettsida var i august 10.700, så det er nok folk langt utafor Todalens grenser som har halde eit auge med oss. Dette er over dobbelt så mange som vi har ein vanleg månad.

Vi vil og nytte høvet til å takke alle som har hjelpt oss med både tips, informasjon og bilder denne tida. Det har letta arbeidet for oss, og samtidig sikra kvaliteten på nyheitene og informasjonen som vi har lagt ut til både gamle og nye lesarar. Takk til dere alle!

Publisert: 1. september 2013, 12:08