Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein heilt uverkeleg start på dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2020

Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola.  Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.

Brann i heimen: – Ein uverkeleg start på dagen for Svanhild og Ola Kvendset. Heldigvis var vi våkne og oppdaga røyklukta, – og kom oss ut i tide. Her saman med sonen Bjørn som var på jobb på MøreTre i Surnadal da brannen starta. Foto: Jon Olav Ørsal

Svanhild ringte sonen Bjørn som var på jobb på MøreTre, og han ba foreldra om kome seg ut fortast muleg – Bjørn ringte 113 og dermed var det i gang.  – To konstablar frå brannvernet i Todalen var raskt på pletten og møtte Svanhild og Ola nærast loftstroppa og dei sørga for å evakuere dei over til eit nabohus.

Brannen hadde starta i kjellaren i tilknyting til skorsteinen – det hadde nok ligge og ulma sia kvelden før og det var nok litt flaks at det ikkje hadde blussa opp i løpet av natt.  Da kunne nok utfallet ha vorte eit heilt anna.

Som sagt var dei første mannskapa på plass 8-tida og etter kvart kom det meir mannskap frå både Kvanne og frå brannstasjonen i Surnadal.  Det såg ut som brannen raskt vart sløkt, men den blussa opp att igjen – men no utover morgonen går det føre seg ettersløkking.

Det er heilt uverkeleg det som har skjedd, seier Svanhild som satt og pakka inn julegåver i går kveld og som hadde koka smultringar tidlegare på dagen – dette vart flammens rov no på morgonkvisten. 

No må vi finne oss ein plass kor vi kan bu, og det vil nok ta ei stund før vi kan flytte heim att denne gongen.  – Tidlegare i år hadde dei nemleg vasslekkasje i heimen og det er ikkje lenge sia at dei flytta inn att etter at handverkarane var ferdig med utbetringa etter skaden som var påført da.

Første bildet vi har frå brannstaden – her såg det ut som ein har kontroll på brannen. Foto: Jon Olav Ørsal

Her har det blussa opp igjen, men da var det kome forsterkningar frå Kvanne og Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. desember 2020, 10:53 - Sist oppdatert: 3. desember 2020, 14:05