Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein godbit til vinters

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2020

 

På Toåa tursti, ved Oddøyøran, trefte vi tre kvennsetgardingar som var ute i eit spesielt ærend.  Dei var ute for å ta lauv, som dei skulle bruke til saumat i vinter. No er det rette tida for å ta ut kvistar med mykje lauv på, for å tørke dei til vinterfor. Dei var ute etter selje og rognkvistar som egna seg best.

I gamle dagar var det nok meir forløysa som var bakgrunn for at dei tok lauv, medan det i dag er meir bruka som ein ekstra godbit, som sauene er «gloherske» etter  for å få variasjon frå høy og silo som det går mest på i dag.  Det var Gudmund og Sivert som svinga lauvjarnet og hogg kvistar, medan Fredrik sørga for logistikken og lasta opp på 4-hjulingen.  Til slutt vart det eit stort lass som suene vil sette stor pris på når det lir utpå vinteren.

Fredrik sørga for logistikken og laga etter kvart til eit stort lass på 4-hjulingen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. august 2020, 06:47