Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein gjeng med rivjarn møtte på dugnad

Elinor Bolme Onsdag 10. juli 2019

Rundt 10 personar møtte på dugnaden som ski- og friidrettsgruppa inviterte til i går kveld. Og med stort pågangsmot og rå muskelkraft fekk dei raka heile løpebanen som i forrige veke var oppfresa. Dei mest pessimistiske trudde naturleg nok at ein ikkje rakk å rake heile på ein kveld. Men med triveleg selskap og litt påfyll med saft, bakes, kake og kaffe undervegs så gjekk det over all forventning.

Morten Haga, Marit Sanden Søyset, Lars Kvendset og Edvard Nordvik er godt i gang.

Emil Bruset Dalsegg tok i mot gode råd frå gammelkarane Gunnar Nordvik og Nils Ove Bruset. 

– Blir betre når vi kjem i svigen, lova bas Gunnar Nordvik. Kontoristane (på bildet) held motet oppe og gav seg ikkje før dei runda svingen og vel så det. Ei retteleg treningsøkt var dei samde om.

All torva vart etter kvart som ho vart raka i dungar frakta bort til høvelege områder for planering. Neste steg for ein ugrasfri løpebane blir no å slodde og til slutt rulle den slik at dekket blir fast igjen og klar til ny lagseriesesong.

Marit Bruset og Lisa Ranes sørga for nystekte bakes til gjengen.

Medan Alvin Haga og Markus Bolme hadde ansvaret for kaffekokinga.

Publisert: 10. juli 2019, 07:00