Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein festdag på Svinvikbrygga

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Det var ein skikkeleg festdag i Svinvikbukta da SuSu-programmet arrangerte rokonkurranse der dei to geitbåtane – Fjordmerra og Hjelmkonnå var sentrale. Det vart stilt to lag for kvar side, første heat var eit lag frå Surnadal vidaregåande skule mot eit lag frå Sunndal Videregående skule, medan 2 heat var eit oppgjør mellom Søya/Todalen på ei side og eit blanda lag fra Sunndal. Her var det fullstendig utklassing og Søya/Todalen kom i mål nesten 2 minutt føre Sunndalslaget.  Konkurransen skapte stort engasjement, men samtidig var det eit uhøgtideleg og artig innslag.

Dette vart ein elddåp for restauranten til Kristina og Tore Svinvik som serverte heimlaga fiskesuppe til publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Og triveleg og uhøgtideleg er kanskje dei rette orda for å beskrive arrangementet som hadde hovudsete på Svinvikbrygga. På den gamle sagbruket like ved var det rigga til for servering, og her var det Svinvik Gard som serverte heimlaga fiskesuppe. Dette var faktisk elddåpen for restaurantkjøkkenet til Svinvik Gard og den heimelaga fiskesuppa med mykje godt oppi trefte nok ganane til folk flest denne dagen. Til fiskesuppa vart det servert nystekt brød frå Slettnesset Steinovnbakeri.  Dei hadde i tillegg salg av kanelsnurrar og fleire typar brød som bokstaveleg talt gikk som «varmt kveitebrød». 

Elles var det barneridning, konkurransar og politiker-Quiz. I quizen vart det ein hard kamp mellom nokre politikarar  – eit lag med surnadalingar og eit lag med sunndalingar. Etter fleire møter i juryen var det klart at sunndalslaget gikk seirande ut med 21 poeng, medan Surnadalslaget fikk 17,5. 

Bildegalleri frå dagens happening på Svinvikbrygga  – alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 1. september 2018, 19:51 - Sist oppdatert: 2. september 2018, 07:11