Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei spesiell, men fin konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. august 2020

Det er nok første gongen at det er berre konfirmantane og deira familiar som får sleppe inn i kyrkja på konfirmasjonsgudsteneste. Men like fullt vart det ein flott konfirmasjonsgudsteneste, som både konfirmantane og andre som var til stades vil minnast.  I sin tale til konfirmantane omtala sokneprest Kristin Strand korleis førebuingane har vore prega av «korona-situasjonen» og korleis dei har takla problema som har oppstått.  Med seg på vegen til det vaksne liv fikk konfirmantane med seg eit godt råd: «Lev eit langt-, godt- og morosamt liv.  Få det beste ut av livet og hugs at det går som oftast bra».

Lev eit langt -, godt og morosamt liv var sokneprest Kristin Strands råd på vegen til konfirmantane. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets konfirmantar var 3 i talet, og presten skrytte av dei tre ungdomane som ho har rukke å bli godt kjent med i den tida dei har dreve førebuingane til konfirmasjonen.  I ei tid der det blir sett mange og store forventningar, rådde ho konfirmantane til å aldri være engstelege for ikkje skulle strekke til, når dei no trer inn i dei vaksnes rekkjer. 

Soknepresten helsa til kvar enkelt konfirmant med ei kort bøn, og delte ut ei salmebok til kvar frå Todalen sokneråd som også markerte sin gratulasjon med ei raud rose til den enkelte. 

Dei tre konfirmantane i 2020 saman med sokneprest Kristin Strand – frå venstre Ingebrigt Kvendset Bergli, Martin Kvande-Talgø og Maren Mikkelsen Karlsen. Foto: Lediard Foto AS

 

Bjørn Vevang trakterte orgelet for siste gong som organist i Stangvik prestegjeld. Frå 1. september skiftar han beite. Foto: Jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå dagens konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje  – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. august 2020, 13:18