Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei allsidig skuleveke

Elinor Bolme Laurdag 3. juni 2017

Frå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida. Ho skriv:

Sender over nokre bilete frå aktivitetar på skulen denne veka.

Vi starta veka med å dekorere søppeldunk til Tjønnmyra. Dette oppdraget hadde vi fått frå idrettslaget. Elevane har hatt fleire ryddeaksjonar i vår,og vil at alle skal passe på at ein ikkje kastar ting i naturen.

I går, fredag fekk vi besøk av Gudmund Husby medan vi var på biblioteket. Han ville vise oss eit fint fråflytta fuglereir med egg i. Det var linerla som var eigarmann, men dessverre kom ho ikkje tilbake til reiret etter at det vart flytta da veden vart borte.

Vi hadde og besøk av May-Elisabeth Holten som var her som «lesevenn». Det er eit samarbeid skulen har med Todalen Sanitetsforening.

I dag var det 2.klasse som var dei heldige, og som fekk høyre eventyr. Vi er heldige som har så tett samarbeid med folk og lag i bygda.

Takk og helsing frå oss alle på Todalen skule

Først publisert: 3. juni 2017, 07:04 - Sist oppdatert: 2. juni 2017, 23:13